Julehelsing frå styret, Sogn U40

2 dagar til jul, og her kjem ei julehelsing frå styret før vi går inn i julefeiringa.  

Vi reknar med at det er fleire som har kjent på at året har gått fort, som vanleg! Inn i 2023 evaluerte vi vårt første år som U40-organisasjon, og forsøkte å ta med oss erfaringar og tilbakemeldingar frå år 1. Dei tilbakemeldingane vi fekk ynskte meir fokus på nettverk, samt at vi som styre etter mange arbeidstimar måtte sikre bærekraftig styrearbeid. Resultatet var at vi gjekk frå fem store, til mindre og hyppigare arrangement i 2023. Vi starta året med “Liv og røre på Campus, med årsmøte attåt”. Vi fekk besøke Sogn Avis og Amedia i mars. I april tok vi turen til Årdal og Teknologiparken, og i mai besøkte vi Lerum og ViteMeir. Sommarfesten tok vi på Balestrand Hotell. I august var vi medarrangør på Næringsdebatt, og etter nokre justeringar hadde vi quiz på kaien i september. I oktober fekk vi gleda av å besøke NTP og Digital Etikett i Trykkhovudstaden. I tillegg gjennomførte vi kurs i “Bitcoin”, og vi hadde samankomstar knytt til Innovasjonsdagen Sogn og Næringskonferansen i Flåm. Vi avslutta året med juleavslutning i Sogndal.   

No tar vi med oss erfaringar frå to ulike år, og har satt retning for 2024. Det er berre å glede seg!  

Misjon: Vi har gjennom fleire strategimøter i november og desember diskutert kva vi ynskjer å vere. Ambisiøs er eit ord som har vore mykje diskutert, både i styret og i nettverket. Vi veit det er fleire der ute som lurer på om dei er ambisiøse. Svaret er mest truleg ja. For å sikre at vi ikkje mistar nokon der ute, som ynskjer å gjere ein forskjell, har vi endra ordlyden noko - men misjonen er den same: Sogn U40 skal vere eit profesjonelt nettverk av målretta unge, som vil vere med å skape framtida i regionen.​ Sogn U40 skal bidra og leggje til rette for utvikling av unge leiarar og andre ambisiøse.  

Lurer du på om du er ambisiøs? Sjå Hilde sine kloke ord frå medlemstalen på juleavslutninga.  

Korleis skal vi nå misjonen: Vi kjem til å ta det beste frå begge år og legge opp til fagleg påfyll, kombinert med besøk hjå nye spennande aktører. Den raude tråden for 2024 vert leiarskap.  

Vi har allereie planlagt store delar av våren, so det er berre å merke seg datoar allereie: 

  • 25. januar: Årsmøte, med fagleg påfyll “Leiarskap i endringstider”. Vi tar med oss Sogndalstrenar Tore Andre Flo og utfordrar i Sogndal Kommune, Joakim Systaddal. Dei vil fortelje om leiarskap, og tillitsbasert leiing. 

  • 7.mars: Vi reiser til Digitaliseringshovudstaden og DigDir. Her får vi høyre om DigDir i framtida og DigDir om leiing. Vi er heldige å få med oss sjølvaste direktøren i DigDir, Frode Danielsen.  

  • I april får vi introduksjon til tema Tohendigheit, og besøke Highsoft og Sognekraft som vil dele korleis dei jobbar med Tohendigheit.   

  • Sommaravslutning står fast, og vi jobbar allereie med å forme innhald i denne.  

Forøvrig er vi no påkobla “Styrekandidaten”, som er eit samarbeidsprosjekt gjennom Sogn Næring, Formue AS, Advokatfirmaet Tollefsen og Sunnfjord Utvikling. Vi kjem tilbake med meir informasjon om korleis koblinga til U40 blir. Vi har òg draumar om å få til kurs med tema “Leiarutvikling”. Dette er foreløpig på draume-stadiet, men vi kjem til å jobbe for å få det til.  

Ergo, lurer du på om du skal fortsette å vere med eller bli medlem i 2024? Svaret er sjølvsagt JA!  

Vi gler oss til nytt år, og ynskjer alle våre dedikerte, dyktige og framadstormande medlemmar god jul. Koble ut frå ein travel kvardag, ver med dei som betyr noko og la julafreden senke seg!  

 

Beste helsing frå,  

Styret i Sogn U40.  

Forrige
Forrige

Årsgilde og leiarskap

Neste
Neste

I couldn`t help but wonder, er eg kanskje litt ambisiøs likevel?