Kommande arrangement

På tur i Sogn - Fotballkamp og foredrag med Sogndal Fotball
apr.
5.

På tur i Sogn - Fotballkamp og foredrag med Sogndal Fotball

Bli med Sogn U40 på kamp, pizza og gode fotballhistorier!

Laurdag 5. april inviterer vi deg som medlem i Sogn U40 til ein heilaften med fotball, fagleg påfyll og god stemning når Sogndal tek imot Ålesund på Fosshaugane Campus.

Vi startar med omvising i Skraol, der du får høyre korleis Campus har blitt eit kraftsenter for samarbeid mellom fotball, skule og næringsliv. Det blir servert pizza og sprudlebrus, og du får møte både dagleg leiar Gisle Olsen og trenarteamet – i tillegg til fotballprofil Håvard Flo, som kjem med historiar du neppe har høyrt før.

Arrangementet er eksklusivt for medlemmar i Sogn U40 – meld deg på i lenka under!

Program:

14.00
Oppmøte ved Skraol, omvising av Campus – korleis dei har knytt næring, fotball og skule saman, med suksesshistorier.

14.30
Mingling og sprudlebrus før mat

14.45
Pizza og sprudlebrus

15.15
Gisle Olsen fortel om si reise og strategi for åra framover

15.30
Trenarane Kjetil Rekdal og Louis Pigmenta kjem innom – anten i losjen eller i Skraol, avhengig av kor mange vi blir

16.00
Avspark Sogndal – Ålesund

16.45
Pause
Foredrag i losjen med Håvard Flo – spennande historiar om spelarar han har henta inn gjennom åra

17.00
Tilbake på tribuna for 2. omgang

17.45
Avslutning i losjen
Adrian Vigdal og Terje Teigen takkar for oppmøtet og ønskjer alle vel heim

Vis arrangement →

Pub med røvarhistoriar
mars
26.

Pub med røvarhistoriar

Vi inviterer til ein kveld der det viktigaste er godt lag, god drikke og gode historier. Hovudpersonen? Kjetil Hovland, grunderen bak Digital Etikett. Han har vore gjennom bade suksessar, utfordringar og sikkert nokre spektakulære tabbar, og no deler han alt (eller i alle fall det han tor) med oss.

Har du nokon gong lurt på korleis ein kan gå fra ein ide til a bygge ei bedrift som funkar som bare det i Gaupne? Eller kva som eigentleg skjer bak kulissane nar ein skapar noko nytt i Sogn? Vel, no har du sjansen til å få svaret – og kanskje nokre saftige røverhistoriar pa kjøpet!

Påmelding her Påmelding

Vis arrangement →
Julebord
nov.
29.

Julebord

Vi i Sogn U40 gler oss til årets store festkveld – julebordet 2024! Dette blir ein kveld full av god stemning, deilig mat og topp underhaldning. Vi skal feire året som har gått, og alt vi har fått til saman i næringslivet her i Sogn. Så no er det på tide å samlast, slappe av og kose seg i godt lag før julestresset set inn.

Vis arrangement →
Sommarfest
juni
8.

Sommarfest

Sola skinner, ciderboblene bruser, vi er unge og Sogn U40 er nok en gang klare for tidenes sommarfest! I år går turen til den naturskjønne perlen Haug Gard hos Odelsgut på Fimreite.

Vis arrangement →
Tohendigheit: Innovasjon og endringsleiing
apr.
11.

Tohendigheit: Innovasjon og endringsleiing

I samarbeid med Highsoft, Sognekraft og Sogn Næring har vi vore så heldige å få vere med å arrangere noko vi verkeleg gler oss til å høyre om, nemleg tohendigheit. Ja, du spør kanskje kva tohendigheit er? Tore Hillestad er forskar, forelesar og direktør på NHH Bergen og kjem til Vik for å snakke om feltet han har spesialisert seg i. I tillegg får vi innspel frå dagleg leiar i Highsoft Atle Sivertsen og konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal.

Vis arrangement →
Digitalisering og leiing
mars
7.

Digitalisering og leiing

7. mars tar vi turen til sjølvaste Digitaliseringshovudstaden og DigDir. Vi har gleda av å ha med oss sjølvaste direktør Frode Danielsen. Korleis er det mogleg å gå frå ventilasjonsrøyr til Digitaliseringsdirektør? Det vil Frode fortelje meir om!

Vis arrangement →