Med Sogndal Fotball bak kulissane

Laurdag 5. april inviterte Sogn U40 medlemmane sine til ein heilt spesiell fotballdag på Fosshaugane Campus.

På programmet stod omvising, innsikt frå innsida av klubben, møte med sentrale personar og sjølvsagt: sesongens første heimekamp mot Aalesund.

Omvisninga enda ut spelartunellen.

Sals- og marknadsansvarleg Terje Teigen leia oss trygt gjennom programmet, og dagleg leiar Gisle Olsen delte både innsikt og historiar frå innsida av klubben – inkludert korleis Sogndal Fotball bidreg til lokalsamfunnet med infrastruktur og idrettstilbod for alle aldrar.

Luis Pimenta (t.h.) med lun humor og kloke refleksjonar.

Begge hovudtrenarane stakk òg innom Skraol og slo av ein prat før avspark.

Høgdepunktet for mange? Å få gå gjennom garderobane til begge laga – rett før kampstart! Det var ein sjeldan moglegheit til å kjenne på pulsen og stemninga før det braka laus på bana.

Kvelden vart avrunda med ein intens og underhaldande kamp – sjølv om det til slutt enda med eit surt 3–4-tap mot Aalesund.

Spelarane på veg ut til kamp

Likevel var stemninga på topp blant deltakarane, og arrangementet leverte både fagleg påfyll, god mat og sosialt fellesskap – akkurat slik ein Sogn U40-arrangement skal vere.

Sjå fleire bilde:

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Gründerinnsikt og god stemning på årets første “Pub & Røvarhistorier”