Gründerinnsikt og god stemning på årets første “Pub & Røvarhistorier”

Med humor, sjølvironi og opne kort delte Kjetil Hovland eit ekte innblikk i gründerlivet i Sogn.

Torsdag samla Sogn U40-medlemmar seg i Bankkjellaren i Sogndal til årets første lavterskelarrangement “Pub & Røvarhistorier”.

Gründer Kjetil Hovland hadde hovudrolla, og han tok oss med på ei ærlig og inspirerande reise frå idé til drift bak suksessbedrifta Digital Etikett i Gaupne.

Med humor, sjølvironi og opne kort delte han eit ekte innblikk i gründerlivet i Sogn. Det vart både latter og inspirasjon, og mange fekk nok med seg nye perspektiv på kva det krev å bygge noko frå botn av.

Arrangementet bød ikkje berre på gode historier, men ei sosial ramme der medlemmane fekk tid til å slå av ein prat og bygge nettverk. Tusen takk til Kjetil og til alle som kom!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Med Sogndal Fotball bak kulissane

Neste
Neste

Hels på våre nye styremedlemmar