Dato: torsdag 11 april 2024, 17:00 - torsdag 11 april 2024, 21:00
Oppmøte: Blix Hotel Vik
Buss fra Sogndal til Vik: 15:35 Sogndal skysstasjon
Buss fra VIK til Sogndal: 20:50 Blix Hotel
I samarbeid med Highsoft, Sognekraft og Sogn Næring har vi vore så heldige å få vere med å arrangere noko vi verkeleg gler oss til å høyre om, nemleg tohendigheit. Ja, du spør kanskje kva tohendigheit er? Tore Hillestad er forskar, forelesar og direktør på NHH Bergen og kjem til Vik for å snakke om feltet han har spesialisert seg i. I tillegg får vi innspel frå dagleg leiar i Highsoft Atle Sivertsen og konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal.
17.00 - Apertif og omvisning Sognekraft
17.30 - Middag Blix Hotel / Highsoft
18.00 - Tore foredrag om tohendigheit (60min)
19.00 - Atle fortel korleis Highsoft implementert tohendig organisering og kvifor (30min)
19.30 - Sognekraft - korleis dei har implementert tohendig organisering og kvifor (30min)
20.00 - Tore stiller spørsmål til Highsoft og Sognekraft, knyter teori opp mot praksis. Tek og spørsmål frå salen. (30min)
21.00 - avslutning
Tore Hillestad - Direktør NHH Bergen
Tore Hillestad er ein samfunnsvitar, økonom og forskar med diriktørstilling ved Norges handelshøyskole. Utdanna cand.polit. frå Universitetet i Bergen og doktorgrad om toppleiarars truverd under kriser. Spesialisert innan leiing og organisering i kunnskapsbedrifter, symbolikk i leiing, krisestyring, organisatorisk og strategisk endring, organisasjonskultur, og offentleg sektorleiing.
“I foredraget skal eg ta for meg korleis tohendigheit spelar saman med kultur, og sambandet dette har med bedrifters læringskapasitet og tilpassingsdyktigheit. I etablerte bedrifter er ofte utfordringa å finne balansen mellom behovet for fornying, iblant radikal, og å dra nytte av den eksisterande forretningsmodellen. Eit sentralt punkt blir også den viktige rolla leiarar har som "kulturelle arkitektar", for å leggje til rette for, og utvikle, ein kultur og kapasitet for innovasjon (tohendigheit), i etablerte bedrifter. Artikkelen frå Groysberg gir indikasjonar på min tilnærming.
Atle Sivertsen - CEO Highsoft
Som administrerande direktør i Highsoft AS leiar Atle Sivertsen eit globalt datasvisualiseringsselskap som har 80 av dei 100 største selskapa i verda på kundelista, med produkta deira Highcharts. Med over 20 års erfaring innan strategi, innovasjon og forretningsintelligens, er han lidenskapeleg oppteken av å omforme data til innsikt og historier som driv utføring og resultat.
I tillegg til rolla si i Highsoft AS, sit han også i styra i selskap der han investerer. Ferdigheitene hans inkluderer forretningsmodellar, innovasjon, teknologi og internasjonal skalering. Som ein livslang student og gjesteforelesar ved ulike handelshøgskular, nyt han å dele kunnskapen og ekspertisen sin med andre for vidare utvikling og læring.
Terje Bakke Nævdal - Konsernsjef Sognekraft
Terje Bakken Nævdal sit som Konsernsjef i Sognekraft og har blant anna 17 andre rollar som styreledar og styrerepresentant i andre selskaper. Dette er ein mann som kan mye, er med på mye og har ein finger med i det meste som skjer. Terje vil ta oss gjennom korleis eit stort konsern som Sognekraft har klart å implementere tohendigheit inn i deiras arbeidskvardag.