Tilbake til alle arrangementer

Merkevare og identitet

  • Blaoboxen 2 Hovevegen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Workshop: Korleis skal vi utvikle framtia til Sogn

Vi i Sogn U40, i samarbeid med Sogn Næring og Høgskulen på Vestlandet, inviterer deg til ein spennande og viktig workshop. Sogn Næring er i gang med eit omfattande profil- og merkevareprosjekt på vegne av Sogn kommunale oppgåvefelleskap, og vi treng din hjelp for å forme framtida til regionen vår.

Prosjektet har til no samla verdifull innsikt gjennom dybdeintervju med alt frå næringslivsleiarar til politikarar, ein omfattande digital spørjeundersøking, og bygdeworkshoppar i alle kommunane. No er det på tide å kvalitetssikre desse funna, og det er her DU kjem inn. Denne workshopen gir deg ikkje berre moglegheita til å påverke den vidare utviklinga av Sogn, men også til å setje eit konkret mål og visjon for korleis framtida vår skal sjå ut.

Dette er ein unik sjanse til å forme regionen vår, og vi trur dette er den viktigaste workshopen du kan delta på i år! Har du eit brennande engasjement for Sogn og framtida vår, så må du ikkje gå glipp av denne moglegheita. Vi ser fram til å sjå deg i Sogndal den 9. september!

Forrige
Forrige
8. juni

Sommarfest

Neste
Neste
19. september

Hotellfrukost før Innovasjonsdagen Sogn 2024