Bli med Sogn U40 på kamp, pizza og gode fotballhistorier!
Laurdag 5. april inviterer vi deg som medlem i Sogn U40 til ein heilaften med fotball, fagleg påfyll og god stemning når Sogndal tek imot Ålesund på Fosshaugane Campus.
Vi startar med omvising i Skraol, der du får høyre korleis Campus har blitt eit kraftsenter for samarbeid mellom fotball, skule og næringsliv. Det blir servert pizza og sprudlebrus, og du får møte både dagleg leiar Gisle Olsen og trenarteamet – i tillegg til fotballprofil Håvard Flo, som kjem med historiar du neppe har høyrt før.
Arrangementet er eksklusivt for medlemmar i Sogn U40 – meld deg på i lenka under!
Program:
14.00
Oppmøte ved Skraol, omvising av Campus – korleis dei har knytt næring, fotball og skule saman, med suksesshistorier.
14.30
Mingling og sprudlebrus før mat
14.45
Pizza og sprudlebrus
15.15
Gisle Olsen fortel om si reise og strategi for åra framover
15.30
Trenarane Kjetil Rekdal og Louis Pigmenta kjem innom – anten i losjen eller i Skraol, avhengig av kor mange vi blir
16.00
Avspark Sogndal – Ålesund
16.45
Pause
Foredrag i losjen med Håvard Flo – spennande historiar om spelarar han har henta inn gjennom åra
17.00
Tilbake på tribuna for 2. omgang
17.45
Avslutning i losjen
Adrian Vigdal og Terje Teigen takkar for oppmøtet og ønskjer alle vel heim