Tilbake til alle arrangementer

Årsgilde og Røvarhistoriar

  • Sogn U40 c/o Erlend Fardal Lunde, Loftesnes 1 6856 Sogndal Norway (kart)

Velkommen til årets første arrangement!

Vi møtast på Campus frå kl.16.30 til registrering og matservering. Programstart kl.17.00.

Vi startar det formelle programmet med Årsmøte, der styret i SognU40 gir eit tilbakeblikk på 2024. Vi går gjennom årsrekneskapet, presenterer budsjettet for 2025, og avslører årets tema. Det skal også veljast nytt styre. Har du saker du ynskjer å ta opp, er du hjarteleg velkommen til å sende inn dine forslag innan 22. januar.

Deretter går vi over til inspirerande føredrag. Vi er heldige å ha med oss nøkkelpersonar frå miljøet i Sogn som vil dele sine erfaringar om vekst og utvikling. Vi vil få innsikt i korleis ein kan skape, påverke og forme regionen si framtid. Våre føredragshaldarar vil også dele sine tankar om leiarskap og gi oss eit skråblikk frå deira unike perspektiv, kanskje også med morosame episodar frå verkelegheita. Etter føredraga blir det mogleg å stille spørsmål.

Til å presentere «Røvarhistoriane» har vi fått med oss Liv Signe Navarsete, Rolf Navarsete og Ole Gunnar Krakhellen! Dette vil du ikkje gå glipp av!

Det blir enkel servering av mat (pizza, scones/kake, frukt) og drikke.

Påmeldingsfrist: søndag 26.januar.

Vi gler oss til å starte det nye året med dykk!



--------------------------
PROGRAM:
Kl.16.30:
Registrering og matservering

Kl.17.00:
Programstart

Årsmøte
- Årsrekneskap 2024
- Budsjett og "årets tema" 2025
- Val av nytt styre
- Innkomne saker

Pause og snacks

Leiarskap og "Røvarhistoriar" v/
- Liv Signe Navarsete
- Rolf Navarsete
- Ole Gunnar Krakhellen

Kl.20.00

Takk for no!
--------------------------
Heispitch av copilot:

Liv Signe Navarsete:
norsk politikar frå Senterpartiet, fødd i 1958 i Sogndal. Ho har hatt ei imponerande karriere, inkludert roller som samferdselsminister (2005-2009) og kommunal- og regionalminister (2009-2013) i Jens Stoltenberg si regjering. Navarsete var også leiar for Senterpartiet frå 2008 til 2014. Sidan 2022 har ho vore Statsforvaltar i Vestland fylke. Ho er kjent for sitt sterke engasjement for distrikts-Noreg og nynorsk.

Rolf Navarsete:
er ein tidlegare norsk fotballspelar, fødd i 1951 i Sogndal. Han spelte for Sogndal Fotball og var ein viktig del av laget som nådde cupfinalen mot Brann i 1976. Etter å ha avslutta sin aktive karriere i 1977, har han blitt anerkjent for sine bidrag til norsk fotball, inkludert å motta Nikken-prisen og Kongens fortjenstmedalje i 2016. Utmerkingane anerkjenner hans dedikasjon og innsats, ikkje berre på fotballbanen, men også i og for lokalsamfunnet.

Ole Gunnar Krakhellen:
er ein norsk politikar og kommunal tenestemann, fødd i 1986 i Solund. Han vart den yngste ordføraren i Sogn og Fjordane si historie då han vart vald til ordførar i Solund kommune for Høgre i 2011, berre 25 år gammal. Krakhellen har også vore medlem av Sogn og Fjordane fylkesting og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre. Sidan 2021 har han vore stabsleiar for forvaltning og utvikling i Luster kommune. I tillegg er han styreleiar i Helse Førde, der han har vore sentral i å leie viktige omorganiseringsprosessar og flytting av behandlingstilbod.

Forrige
Forrige
29. november

Julebord