Kva er Årets SognaSpire?

Vi i Sogn U40 heiar på framsnakking. Vi ynskjer å dele ut den gjeve prisen Årets SognaSpire 2023 for å løfte fram ein person som har bidrege positivt til å skapa framtidas Sogn. Kandidaten vert premiert med eit stipend på kr. 10.000,- tildelt frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Ildsjelfondet til Sparebanken Vest, i tillegg årsmedlemskap i Sogn U40! 

Juryen er uavhengig av Sogn U40 og består av representantar frå lokalt næringsliv i Sogn. I tillegg er fjorårets SognaSpire Tom Dyrdal med i juryen.

Årets jury representert av. Jan Petter Vadheim – bankssjef for bedriftsmarknad Sparebanken Sogn og Fjordane, Tom Dyrdal direktør for forretningsutvikling i Avery Dennison, Mette Bakketun – dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage  og Arild Sandvoll – regiondirektør i Sparebanken Vest.

Forrige
Forrige

Årets SognaSpire 2024

Neste
Neste

3. plass 2023 - VERONICA DANIELSEN