Årets SognaSpire 2023 er kåra

Årets jury representert av. Jan Petter Vadheim – bankssjef for bedriftsmarknad Sparebanken Sogn og Fjordane, Tom Dyrdal direktør for forretningsutvikling i Avery Dennison, Mette Bakketun – dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage  og Arild Sandvoll – regiondirektør i Sparebanken Vest.

1.plass - Gründer og dagleg leiar i Eduplaytion

Gründer og dagleg leiar i Eduplaytion

Årets Sognaspire har gjennom fleire år jobba målretta og dedikert mot å utvikle og kommersialisere eit produkt som har stort potensiale både nasjonalt og internasjonalt."

Kandidaten har med sjølvtillit og kløkt bygd eit team rundt seg med den rette kompetansen, og han har vist stort pågangsmot og framifrå formidlingsevne når han har henta inn nødvendig kapital hos store investormiljø.

Han har vidare klart den vanskelege øvinga det er å gå frå utvikling til sal og kommersialisering, og produktet hans er i ferd med å bli ein stor suksess hos både skule, lærarar og elevar.

Produktet er med på å gjere viktig læring til ein leik!

Kristoffer vert premiert med eit stipend på kr. 10.000,- tildelt frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Ildsjelfondet til Sparebanken Vest, i tillegg årsmedlemskap i Sogn U40! 

 

2. plass - Dagleg leiar - Sogn Næring

Line Bjelde

“Andre plassen går til ein kandidat som er kjend som raus, inkluderande, ambisiøs, strukturert, engasjert og ALLTID blid." 

Ho måtte ta roret i Sogn Næring på kort varsel og styrer skuta på ein framifrå måte. Lanserer stadig nye satsingar og inviterer, engasjerer og inspirerer næringslivet i regionen til å ta nye steg. Spelar omgjevnadane sine gode og leverer.

Ho har i tillegg til styreverv i U40, og styreverv i Sogndal Fotball og Visit Sognefjord, kanskje dei to aller sterkaste merkevarene i Sogn. Ei dame som brenn for Sogn og me gratulera denne dama med ein sterk 2. plass!

3. Plass - Vitenskapsformidler Fysiker, forfatter, formidler og foredragsholder - Vite Meir

Veronica Danielsen

"Juryen har beslutta at årets tredjeplass går til ein bemerkelsesverdig person som har gjort ein flott innsats for å fremje positiv utvikling i Sogn.

På tross av mangel av tidlegare tilknytning til området, flytta ho til Sogn for å vera med på å skape Noregs beste Vitensenter. Ho har bokstaveleg talt ofra lemmer for å gje besøkande fantastiske vitenshow og ho gjer ein utmerka jobb for å inspirere barn og unge til å bli nysgjerrige på naturvitenskap. Ho held også kurs for lærarar.

Me kan i tillegg nevne at ho jobbar frivillig som trenar for både sportsdrill og turn her i Sogndal, og ho gjer ein god jobb for å knyte fleire miljø saman for å gje utøverane ein enda betre oppleving. I oktober gav ho ut bok om Nordlyset, som i seg sjølv er svært imponerande.

Personen kallar seg sjølv for ein flammedrillende fysikknerd og ho går ofte under eit kallenavnet "ViteVero. "





Forrige
Forrige

I couldn`t help but wonder, er eg kanskje litt ambisiøs likevel?

Neste
Neste

Årets SognaSpire 2023