Årets SognaSpire 2023

Bilete frå fjorårets juleavslutning der Tom Dyrdal mottok den gjeve prisen Årets SognaSpire 2022

Vi i Sogn U40 heiar på framsnakking. Vi ynskjer å dele ut den gjeve prisen Årets SognaSpire 2023 for å løfte fram ein person som har bidrege positivt til å skapa framtidas Sogn. Kandidaten vert premiert med eit stipend på kr. 10.000,- tildelt frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Ildsjelfondet til Sparebanken Vest, i tillegg årsmedlemskap i Sogn U40! 

Vi treng di hjelp til å nominere kandidatar. Blant alle som nominerer vert det også trekt ut flotte premiar!

Kandidaten treng ikkje vere medlem av Sogn U40, men er ein engasjert og ambisiøs person under 40 år, som bidreg positivt til utviklinga av Sogn. Dette kan for eksempel vera gjennom ekstra innsats på arbeidsplassen, for lokalsamfunnet, regionen eller frivillig arbeid. Tema er ope for tolkning.

Juryen er uavhengig av Sogn U40 og består av representantar frå lokalt næringsliv i Sogn. I tillegg er fjorårets SognaSpire Tom Dyrdal med i juryen. Årets SognaSpire 2023 vert annonsert med “brask og bram” på Sogn U40 sitt julebord i november.

Bli med på framsnakking og nominer dine eller dine favorittkandidatar ved å følgje lenka under. Nominasjonsteksten treng ikkje vera omfattande, men må vera konsis og gi konkrete dømer på kva kandidataen har utøvd for å fortene denne prisen.

Frist for å nominere: 29. oktober.

NOMINER DIN KANDIDAT

Ved spørsmål, ta kontakt: post@sognu40.no

Forrige
Forrige

Årets SognaSpire 2023 er kåra

Neste
Neste

Sogn Sparebank finansierer kurs i Bitcoin og kryptovaluta