Bitcoin og «den nye mafiaen» i fokus på Sogn U40 sin sommaravslutning på Leikanger

– Eg tenkjer at Sogn U40 er ein god idé og det ser veldig bra ut. Det forpliktar litt også, at det skal kome noko ut av dette, Seier Arve Uglum.

Sogn Avis-redaktøren hamna på talarstolen då U40 hadde sitt siste arrangement før sommarferien.

Høgt engasjement

Nær 30 medlemmar møtte opp til sommarvslutninga med tittelen “bobler, burgar og babling” på Leikanger Fjord Hotel fredag 17. juni. Det vart ei flott ramme rundt arrangementet og ei fin stemning for dei som var der, fortel styremedlem Camilla Lerum Bondevik

- Det var både interessante føredrag og god stemning med musikk og allsong på kvelden. Eg trur at me gjennom litt “tvungen mingling” fekk til at ein vart betre kjende.

I løpet av programmet fekk dei frammøtte fleire mingle-oppgåver, noko som la føringar for nye kjennskap og, ja, rett og slett mykje babbel utover kveldinga.

Tonen vart sett tidleg då BitCoin-ekspert Svein Ølnæs gav ein 20 minuttars innføring til dei frammøtte. Ølnæs vart ståande att lenge for å svare på dei mange spørsmåla dei frammøtte hadde kring emnet.

– Ikkje noko å seie på engasjementet. Kanskje eit eige kurs hadde vore noko for oss og medlemmane, legg Lerum Bondevik til.

Trur ein kan få til noko

Arve Uglum deltok seinare på kvelden og heldt eit innlegg med den noko kryptiske tittelen "den nye mafiaen".

– Det er jo det ein ofte vert skulda for å vere når ein samordnar seg og samarbeider om ting. Av og til er ein det, men veldig mykje av dei gode tinga som har skjedd i Sogn har kome av at folk har funne kvarandre på tvers av organisasjonar og bustadplassar i Sogn og gjort ting i lag.

– Så har det ein tendens til å verte mistenkjeleggjort. Det ville eg førebu på i dag, at det kjem til å skje. Om ein ikkje er ein mafia skal ein ikkje bry seg om det. Ein lyt berre passa på at ein ikkje vert det.

– Har du trua på at ein kan få til noko med dette nettverket?

– Alle som eg kjenner som er her veit eg er flinke unge folk som driv med mykje spanande ting. At slike folk finn kvarandre og diskuterer kva ein kan få til i lag, det er nøydd til å bli bra.

Tekst og foto: Ola Skram

Forrige
Forrige

Sparebanken Vest bidreg sterkt til U40 i 2023

Neste
Neste

Blide fjes og stort engasjement på U40 sin aller første temabaserte samling