Sparebanken Vest bidreg sterkt til U40 i 2023

Sparebanken Vest var heilt avgjerande for at Sogn U40 kunne skipast hausten 2021. Dei stiller opp med friske midlar for enno meir U40-satsing i 2023!

Sogn U40 er særs takksame for at Sparebanken Vest løyver kr 200.000 til Sogn U40 i 2023.

Dette er eit utruleg viktig signal frå Sparebanken Vest som held fram si uvurderlege støtte også i 2023. For oss gir det prov på at det arbeidet me gjer skapar verdi for næringslivet og regionen, seier styreleiar Erlend Fardal Lunde.

Saman med Nestleiar Andrea Fardal Opseth mottok han sjekken frå banksjef i Sparebanken Vest Sogn og Fjordane, Jørgen Follevåg Mjelleli, tidlegare denne veka.

Gjennom 2023 skal Sogn U40 gjennomføre fleire arrangement, bedriftsbesøk og delta på viktige næringslivsarenaer i regionen. Det har allereie vorte gjennomført årsmøte og kick off på Fosshaugane Campus, der medlemane fekk presentasjonar frå fleire ulike verksemder og medlemar.

Me ser fram til å skapa eit godt år for våre rundt 170 medlemar - tusen takk til Sparebanken Vest for eit sterkt og viktig bidrag!

Forrige
Forrige

Sogn Sparebank finansierer kurs i Bitcoin og kryptovaluta

Neste
Neste

Bitcoin og «den nye mafiaen» i fokus på Sogn U40 sin sommaravslutning på Leikanger