Blide fjes og stort engasjement på U40 sin aller første temabaserte samling

– Nokre gonger kjenner ein energien frå starten av. Det gjorde eg i dette tilfellet, seier Urban Stenberg.

Saman med godt over 50 nyfikne sogningar tok han del i workshopen då Sogn U40 inviterte til Kommunikasjon i praksis- på godt og vondt, ved Quality Hotel i Sogndal laurdag 2. april. 

God start på dagen

Mange blide fjes var å sjå for arrangementet som strekte seg over 4 timar. Lista vart tidleg lagt høgt då Erlend Fardal Lunde heldt eit føredrag der han fortalde om sine erfaringar innan leiarskap, og delte eit par av sine tips og kommunikasjonsverktøy som han held fast på i sin arbeidskvardag. Styreleiaren i U40 fortalde open og ærleg om oppturar, nedturar, personlege utfordringar og gevinstar gjennom sine år i hotellbransjen og no seinast som dagleg leiar for ViteMeir-senteret (fram til 1. mars). 

– Eg er stolt over arrangementskomiteen som leverer eit fantastisk arrangement. Dette er nivået me ønskjer at signalarrangementa våre skal ha, seier Fardal Lunde om opplegget som vart stelt i stand. 

Programmet var følgt opp av ein minst like openhjartig Grethe Hjetland frå Highsoft, som etter 11 år bak roret kan sjå tilbake på ein eventyrleg suksess med «pengemaskinen» i Vik, når ho om ikkje så alt for lenge trer av som leiar. 

Grethe Hjetland delte mykje kunnskap i sin «sit-down» med utspørjar Ola Skram.

– Fantastisk og herleg

Til slutt var det duka for Urban Stenberg. Kommunikasjonsguruen frå Sverige brukte ikkje lang tid på å engasjere publikum med sine teoriar og ikkje minst praktiske oppgåver. Etter to år med digitale føredrag var han meir enn glad for å kunne stå framfor ein levande audiens igjen.

 – Normalt sett ville eg ha gjort 150 føredrag desse to åra, no har det vore rundt ti. Det var fantastisk og herleg, for eg elskar å stå framfor menneske og engasjere. 

Det hadde han lite problem med på Quality Hotel Sogndal, og sjølv om han vedkjenner at sogndølen nok er litt blygare enn folk frå storbyen så merka han både interesse og connection frå start til slutt. 

– Absolutt. Dette er jo folk som vil lære noko, elles ville dei ikkje ha vore der. Dei har draumar, visjonar og ønskjer å utvikle seg. Så grunnføresetnadane for å ta del i denne type læring er heilt perfekt.

Ragnhild Skahjem Tofastrud gjorde ein solid jobb i å lose publikum gjennom programmet. 

Neste arrangement vert 17.juni. Følg med for meir informasjon :) 

Forrige
Forrige

Bitcoin og «den nye mafiaen» i fokus på Sogn U40 sin sommaravslutning på Leikanger

Neste
Neste

Duka for nytt arrangement i U40 - kjem du?