Duka for nytt arrangement i U40 - kjem du?

– Me ser veldig fram til arrangementet. Kommunikasjon er veldig viktig uansett om det er på heimebane eller i arbeidslivet, seier Sigrid Alice Hovland.

Saman med Ragnhild Skahjem Tofastrud og Ola Skram er ho arrangementsansvarleg til det som vert den første samlinga sidan Kick-offet tidleg i februar, 2. April. Ho kan fortelje om eit spanande program for temadagen som er titulert «kommunikasjon i praksis – på godt og vondt». 

Tek turen heilt frå Sverige

Kanskje det aller største trekkplasteret for dagen er kommunikasjonsguru Urban Stenberg, som turar over frå Sverige for å dele sine tankar og teoriar kring ein tematikk han har jobba med i over 25 år. 

– Me kjem til å ha det moro, men eg trur også ein vil sitje igjen med mykje god input som ein kan ta med seg vidare, uavhengig av yrke eller stillingstittel. 

På programmet er vi heldige å ha fått med oss Grethe Hjetland, avtroppande Dagleg leiar i Highsoft, til ein sofaprat. Highsoft er ei solskinshistorie frå Vik, men er samstundes eit resultat av knallhard jobbing.

– Og så får me møte vår eigen styreleiar Erlend Fardal Lunde frå scena. Han var ein av dei yngste hotelldirektørane i Norge, i sin tid, og er ein som kan ein ting eller to om arbeidsglede og leiarskap i praksis – pensla med viktigheita av kommunikasjon. 

Startar på hotellet - held fram etter seminaret

Dagen startar klokka 14, på Quality Hotel Sogndal. Programleiar for dagen vert Ragnhild. Ho gler seg stort til å kunne presentere dei dyktige deltakarane framfor eit live publikum. 

Samstundes kjem ho med ein viktig påminnar.

 – Grete, Erlend og Urban – høgdepunkta kjem som perler på ei snor! Men gløym heller ikkje verdien i å bli endå betre kjende med alle i Sogn U40, dette er jo eit perfekt høve til å teste kommunikasjonsskills, seier ho.

Etter konferansen vert det vidare mingling på den nyetablerte restauranten Brasa. Tofastrud håpar så mange som mogleg ønskjer å nytte seg av moglegheiter til å bli betre kjend og bli med vidare utover kvelden. 

– Det blir utruleg kjekt, så eg håpar mange tek turen. Påmeldingsfristen er sett til 20. mars. 

Forrige
Forrige

Blide fjes og stort engasjement på U40 sin aller første temabaserte samling

Neste
Neste

Vellukka kick off for Sogn U40