Vellukka kick off for Sogn U40
Med 70 gjestar var det ikkje rart at gliset stod breitt hjå arrangørane då Sogn U40 endeleg kunne arrangere sitt første stemne fredag.
Og for ei ramme det var rundt opninga på Quality Hotel Sogndal. I tillegg til dei 70 påmelde til kick-offen var talet fredag 100 medlemmar.
Styreleiar Erlend Fardal Lunde såg difor, med rette, nøgd ut då han starta heile showet med sin velkomsttale.
– Det er lov å snakke fram kvarandre, var eit av dei tydelege bodskapa Lunde ønskte å få fram i talen.
Bodskapet var klart og tydeleg: Det er lov å snakke fram kvarandre, og bygdedyret skal me no ta knekken på.
Blant føredragshaldarane kunne ein høyre frå erfaringane til mellom anna Trine Lerum, Tor Arne Ness og Anri Håvard Hebib frå Bergen Up.
STERKAST NÅR EIN STÅR I LAG
Sistemde, som er Næringspolitisk rådgiver i Bergen næringsråd lét seg imponere over rammene som var skapt rundt den noko uhøgtidelege kick-offen.
– Det er utruleg inspirerande å sjå at på så kort tid har ein klart å få over 100 medlemmar, og det var over 80 stykk her i dag. Så er det viktig å byggje stein for stein, slik at ein ser at det gjer effekt å vere ein del av U40, for dette er jo eit frivillig engasjement. ¨
Anri Håvard Habib seier han vart imponert over kor mange som møtte til kick-offet, og ikkje minst kor mange som allereie no er medlem av Sogn U40.
– Dette er jo systerorganisasjonen til BergenUP, så me vil gjerne samarbeide og hjelpe til med det me kan. Det gjeld begge vegar slik at me kan få til ting i lag. Saman står man mykje sterkare.
Har unge nok påverknad på næringsliv i dag, tykkjer du?
– Det er ikkje tvil at om ein har 350 medlemmar i ryggen i ein viktig sak slik me har, så vil det ha stor kraft. For u40 vil det vere viktig å sjå medlemsmassen, lytte til den og utvikle vidare for å få påverknadskraft vidare.
– Kor viktig er det med eit nettverk av yngre ambisiøse yrkesprofesjonelle, for at regionen skal bevege seg framover?
– Det er veldig nødvendig. Ein bur i ein globalisert verd der ein konkurrerer med både store byar, men også på den internasjonale marknaden for å tiltrekkje seg ein kompetanse. Det er ein mangelvare. Vår erfaring tilseier at når ein kan stå samla bak ulike tankar og gå inn mot avgjerdstakarar så er det enklare å få gjennomslag. Difor er det viktig med slike organ som Bergen Up og Sogn U40.
Tor Arne Ness vart med på ein sofaprat saman med konferiansier Line Bjelde som gjorde ein strålande figur for anledningen.
SPANANDE ÅR I VENTE
Lunde seier han ser fram til eit samarbeid med systerorganisasjonen i Bergen, i tillegg til mange spanande aktivitetar utover året som kjem her i Sogn.