Sogn Sparebank finansierer kurs i Bitcoin og kryptovaluta

Sogn U40 kan takka vera Sogn Sparebank frå hausten av tilby kurs i Bitcoin og kryptovaluta med Svein Ølnes

Banksjef i Sogn Sparebank, Mads Indrhus, er godt nøgd med å spela på lag med Sogn U40 for å auka kunnskapen om ny teknologi:

Sogn Sparebank synes at det bra at Sogn U40 engasjerer seg i ny teknologi som truleg vil få mykje å seie framover. Det er store mogelegheiter , men og truslar med kryptovaluta og det er behov for kunnskap for å kunne vurdere kva som er bra og ikkje bra med fenomenet. 

Svein Ølnes er klar

For Sogn U40 er det eit kvalitetsteikn å ha med seg Svein Ølnes på laget. Med tanke på tidspunkt for lansering kunne me ikkje fått meir dagsaktuelle hendingar. Svein Ølnes ser fram til å halda kurs for U40-medlemar:

Med ei bankkrise i emning blir det klart for stadig fleire at eit alternativt pengesystem vil bli viktig. Då blir kunnskap om Bitcoin og kryptovaluta også viktig. Det er ein kunnskap som vil bli stadig meir etterspurd, og dei som investerer i den kunnskapen i dag, vil få mykje att for det seinare.

Svein har over 20 års erfaring som prosjektleiar for ulike IT-prosjekt ved Vestlandsforsking. Hovudområdet for forskinga er digitalisering i offentleg sektor; både i kommunar og statlege verksemder. Ein stor del av arbeidet har dreia seg om kvalitet på digitale tenester og korleis måla den, og også om kva digitale tenester eigentleg er.

For å forstå morgondagens pengar, som digitale sentralbankpengar, er kunnskap om bitcoin og kryptovaluta eit viktig fundament, seier Ølnes.

Etter å ha oppdaga Bitcoin og blokkjedeteknologien i 2011 har mykje av forskinga dreia seg om potensialet for bruk av denne også i offentleg sektor. Interessa for den nye teknologien førte til gjennomføring av ein mastergrad innan digitale valutaer (MSc in Digital Currencies) ved universitetet i Nicosia i 2018. Same året etablerte Svein også bachelor-kurset "Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien" i samarbeid med Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet.

Gratis for medlemar av Sogn U40

Kurset har ein totalkostnad på kroner 50.000 som Sogn Sparebank fullfinansierer. Sogn U40 er ekstremt takksame for denne verdifulle gåva som gjer at me kan gi dei medlemane våre som ønskjer innsyn i teknologien meir kunnskap.

Det er veldig positivt at det blir sett opp kurs i kryptovaluta og eg vonar det vil raskt bli fullteikna. For banken er det kjekt å vere med å bidra til ein framoverlent organisasjon som Sogn U40 som tilbyr sine medlemer kompetanse på framtidsretta og interessante og viktig områder, avsluttar banksjef Indrhus.

Kurset vert gjennomført over fire kveldar frå klokka 19 - 22:
6. september
20. september
4. oktober
18. oktober

KLIKK HER FOR FOR MEIR INFORMASJON OG PÅMELDING!

Forrige
Forrige

Årets SognaSpire 2023

Neste
Neste

Sparebanken Vest bidreg sterkt til U40 i 2023